Når den truande ser kva som skjer i vårt kjære fedreland, korleis alt går frå vondt til verre åndeleg sett, er det som mismotet si klamme hand vil gripe hjarta. Men på same tid kan den truande kjenne på spørsmålet: – Er det mogeleg Herre at du enno ein gong kan forbarme deg over oss, og sende oss djupgripande bibelsk vekking - som forandrar bygd og by?
Skrifta seier at det som hende med Guds folk i fordoms tid «hende dei som førebilete, og det er skrive til formaning for oss, som dei siste tider er komne til.»
Mot slutten av domartida var det ei svært mørk tid i Israel. Eli var prest i Silo, men domen kvilte over huset hans fordi han ikkje tok oppgjer med synda. Men kva gjer Gud? Han legg naud ned i hjarta hjå den barnlause Hanna. Naud, bøn og vekking – det er Guds veg. Ho går til Herren med nauda, og av Herren får ho sonen Samuel. Vekkinga som kjem under Samuel si forkynning snur heile den åndelege situasjonen i Israel, og me får stordomstida under kong David. Vekkinga byrja med ei kvinne i naud som ber.
Når ein les om vekking i Bibelen og gjennom misjonshistoria så grip det hjarta, og ein stiller seg spørsmålet – kan dette skje i dag i vårt land? Menneskeleg sett kan det sjå umogleg ut. Fråfallet verkar overveldande, og domen kviler over vårt land og folk. Men les me Israels historie frå David til domen med bortføringa til Babel, ser me to parallelle linjer.
På den eine sida modnast folket generelt til den endelege dom, men parallelt skjer det vekkingar i folket og sigrar vert vunne når folket kjem i naud og ropar til Herren. Me ser det under Elias på Karmel, kong Josia, kong Josafat, kong Hiskia osv. Når folket audmjuka seg og sanna sine synder og ropte til Herren, då høyrde Herren det i himmelen.
Då Paulus forkynte i Efesus vart det vekking. Me kan lese om det i kap. 19 i Apostelgjerningane. Når Skrifta fortel om korleis synd vart synd for dei, står det: «Såleis hadde Herrens ord stor framgang og fekk makt.»
Guds ord fekk makt! Det vil seie at Guds Ånde fekk makt. For Ånden nyttar Ordet som sitt tvieggja sverd. Difor kunne dei Ord som Peter tala pinsedag, stikke tilhøyrarane i samvitet så dei kom i syndenaud – Ånden overbeviste. Det var åndsmakt over bodskapen som vart forkynt. Det er åndsmakt me treng i dag også om bodskapen skal slå gjennom i åndskampen.
Samvita kom i naud, synd vart synd, og det førte til ei radikal omvending frå verden og eit syndig liv. Det står at store verdiar gjekk på bålet, 50.000 sølvpengar - mange millionar etter dagens verdi.
I år er det hundre år sidan det stor verdsmisjonsmøte i Edinburg. Kinamisjonær Marie Monsen si store naud for vekking dreiv ho til dette møtet. Misjonsarbeidet i Kina hadde byrja i 1810 og no var det gått 100 år. Ho fortel at ein av dei store opplevingane på denne konferansen var då ein eldre misjonær som hadde stått midt oppe i vekkinga i Korea vart oppmoda om å fortelje nettopp frå den store vekkinga som byrja i Central Church Pyongyang nokre år før.
Ho fortel om reaksjonen etter dette innlegget: «Det ble en lydløs stillhet over den store forsamlingen. Det føltes som om alle tilhørerne satt og tenkte: Tenk om dette kunne skje hos oss også. Etter dette mektige vitnesbyrd grep en misjonær frå Sør-China ordet. Hans navn var vel kjent, det var et av de store navn. Han takket talaren frå Korea og tilføyde med ettertrykk: «Det dere har opplev i Korea, kan vi aldri oppleve i China. Det er et annet folk der.» En liten misjonær uten «et navn» og som ikke en gang var deputert, satt på første benk på et av galleriene og følte en mektig trang til å reise seg og rope ut: Kan ikke det skje i China også, så har ikke vi den samme Gud som misjonærene i Korea.»
Marie Monsen var som sagt i Kina i denne perioden då vekkinga hadde kome til Korea. Ho hadde tenkt; Den som kunne reisa til Korea å fått nokre glør. Det la seg ikkje til rette med reise, men ein dag lydde bodskapen til henne: «Hva du vil oppnå med den reisen, kan du få her du er som svar på bønn.»
Ho tek Herren på Ordet, og bestemmer seg for å be til Herren svarar: «Dermed ville jeg skrå over gulvet til min bønnekrok for å be den bønnen for første gang etter at løftet var gitt. Men jeg hadde ikke tatt mer enn 2-3 skritt før jeg stanset. Det som da hendte, kan kun beskrives med følgende ord: Det føltes som en kvelerslange som snodde seg rundt kroppen for å presse livet ut av meg. Forferdelse tok meg. Det ble til slutt bare gispen etter luft, og endelig fikk jeg presset frem: «Jesus, Jesus, Jesus.» Det gikk lettere for hver gang det dyrebare navnet ble stønne fram, og så slapp «slangen» meg…. Den første tanken som kom var: «Så mye betyr bønn, og så mye betyr det at løfte holdes! Den opplevelesen hjalp meg til å holde ut de ca. 20 årene det gikk før den lille begynnelse til vekkelse ble synlig.» (Frå boka :Vekkelsen ble en åndens aksjon.)
Men kva hadde skjedd i Korea? Vekkinga der byrja som ei bønevekking mellom misjonærane, og den 6. januar i 1907 skjedde noko som skulle få store konsekvensar. 1500 kristne var samla i Central Church Pyongyang – no Nord-Korea. Då Guds ord vart forkynt denne kvelden slår Guds Ande og Ord ned i hjarto. Menneska byrjar å bekjenne sine synder offentleg, noko som slett ikkje var vanleg i den koreanske kulturen. Møtet vart ikkje avslutta før langt på natt.
Neste kveld vert det på ny møte, og William Blair, en presbyteriansk misjonær som var til stades på møtet beskriv dette møtet slik: «Nå får vi oppleve noe jeg aldri har sett før og heller aldri ønsker å være med på igjen dersom ikke Gud sier at det er helt nødvendig. Hver eneste synd et menneske kan begå blir bekjent i offentlighet denne natten. Bleke og skjelvende av frykt reiser folk seg og går inn i det hvite domslyset der de får se seg selv slik Gud ser dem. «Herre, Herre. Kast oss ikke bort for alltid», lyder ropet fra mennesker som strekker seg mot den Jesus de har forrådt. Alt annet er glemt. Menneskers hån, lovens straff og selv døden virker som ingenting i forhold til det å kunne motta Guds tilgivelse.»
Denne vekkinga kom også som svar på bøn. Det vart ei mektig samvitsvekking der synd vart synd. Det som gjerne ikkje lenger vart rekna som synd – vart i Guds ords lys og under Åndens overtyding igjen synd mot den tre gonger heilage Gud. Det vart rop om frelse, nåde og berging.
Bibelen seier at Herren er i går og i dag den same. Difor kan du som har møtt Jesus til frelse, folde dine hender og be om at dette kan skje også i dag. Jesu seier sjølv: «Men du, når du bed, gå då inn på romet ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg i det openberre.»
Finn deg nokre truande vener som du kan be saman med og lytt til Jesu ord: «Atter seier eg dykk: Alt det to av dykk på jorda vert samde om å be om, skal de få av Far min i himmelen.»
Be at Herrens vilje må skje, og at han sender ei bøne- og samvitsvekking mellom oss. Herren svarar alltid på bøn i Jesus namn frå det oppriktige hjarta, men Herren bestemmer sjølv kva tid og korleis han vil svare.
(Dag Rune Lid - Josafat, no - Shafan 17-09-10)