skrevet
-
Shafan
Dette siger Herren:
" ... spørg efter de gamle stier .. "
Jer.6,16

Sann og falsk profeti
Kjell Helland - Bibelsk Tro 2019/3

Som nemnt tidlegare var Juda inneklemt mellom stormakter, og dei leiande i folket var opptekne av korleis dei best kunne styrkja seg i høve til babylonarane, som på slutten av 600-talet f. Kr. var i ferd med å trengja Assyria til side som dominerande stormakt. 

Nordriket (Tistammeriket) var erobra av assyrarane i 722, og etter babylonarane sin siger over egyptarane ved Karkemisj i 605 sikta dei seg inn mot Juda, som hadde vore under egyptisk kontroll. Egyptarane hadde eit par år tidlegare teke kong Joakas i Juda til fange og ført han til Egypt og sett broren Jojakim inn som ny konge. Men då Juda kom under babylonarane, fall Jojakim i unåde og enda kongetida si ved å verta ført i lekkjer til Babylon. Sonen Jojakin fekk same lagnad etter berre tre månaders regjeringstid. Sedekias, den siste kongen i Juda, slapp heller ikkje unna babylonarkloa. Dermed ser me at alle dei fire siste kongane i Juda - alle kongane etter Josias – enda kongetida si med å verta lagt i jarn og ført i lekkjer til andre land; Joakas til Egypt, Jojakim, Jojakin og Sedekias til Babylon. Både i 605, då Daniel var med i fangeflokken, 597, då utstyret i tempelet vart ført vekk og Esekiel var med i fangeflokken og 586, då Jerusalem fall, vart folk frå Juda deportert til Babylon. 

Alt dette skjedde i Jeremia si profettid. 

Her er altså bakteppet for forkynninga, ikkje berre til Jeremia, men og til dei falske profetane. 

Det er naturleg at leiarane grubla over kva dei skulle gjera for å få ein friare og lettare situasjon i landet. Løysninga dei såg var å søkja hjelp frå Egypt. Men dette åtvara Jeremia på det sterkaste imot. Hjelpa Egypt kunne gje, hadde lite føre seg, ja, den ville eigentleg når det kom til stykket, heller verta til ulempe og svekking. For å visa dette, bruker Jeremia det talande biletet om Egypt som røyrstav. Denne fungerte slik at den som støtta seg på han vart skadd av han, i og med at staven i staden for å vera ei sterk støtte, skar seg inn i handa. Ein slik karakter ville hjelp frå Egypt ha. 

Å søkja hjelp hos Egypt ville òg vera å "halda kjøt for arm"; å søkja hjelp hos menneske. 

Nei, løysinga var å venda seg til Herren i tru og tillit. Men då trongst det omvending i folket, og det var det ikkje gehør for. 

Her er det dei falske profetane kjem inn. Dei hadde ein heilt annan bodskap. De skal ikkje falla i hendene på babylonarane, sa dei. Ein profet frå Gibeon, Hananja Assurson, sa til Jeremia og prestane og folket i Herrens hus (28,2ff) "So seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Eg vil bryta sund åket til Babelkongen. Om to år fører eg attende til denne staden alle dei kara frå Herrens hus som Babel-kongen Nebukadnesar tok frå denne staden og førde til Babel. Og Juda-kongen Jekonja (Jojakin), son til Jojakim, og alle dei bortførde frå Juda som er komne til Babel, fører eg attende til denne staden, seier Herren.

Både folket og reiskapane i tempelet skal altså koma tilbake, er bodskapen. Han tidfester det òg.

Jeremia refsar han seinare for dette (28,15ff): "... Høyr no Hananja! Herren har ikkje sendt deg, og du har fått dette folket til å setja si lit til lygn. Difor seier Herren så: Sjå, no sender eg deg - bort frå jorda! Dette året skal du døy, fordi du har forkynt fråfall frå Herren. Og profeten Hananja døydde same året, i den sjuande månaden." 

ei sanne profetane forkynner til tru, dei falske til fråfall. 

Hananja var ikkje åleine om å forkynna på denne måten (14,13): "Då sa eg (Jeremia): Å, Herre Herre! Profetane seier då til dei: De skal ikkje sjå sverd, og hungersnaud skal ikkje råka dykk, men eg vil gje varig fred på denne staden!" Her kan nemnast at før Jerusalem fall ein del år seinare - i 586 - var byen omringa og beleira halvtanna år, og hungersnauda vart så hard at mødrene åt sine eigne barn (Klage 4,10/Jer 19,9). 

Svaret som Jeremia får frå Herren er dette (14,14): "Det er lygn det profetane varslar i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei og ikkje gjeve dei påbod og ikkje tala til dei. Syner som lyg og falske spådommar og tomme ord og svik or sitt eige hjarta profeterer dei for dykk." Vidare 23,16: "... Dei fyller dykk med tomme innbillingar; sine eigne hjartesyner ber dei fram, ikkje ord frå Herrens munn." Og Klagesongane 2,14: "Det profetane dine skoda åt deg, var fåfengd og dårskap; dei synte deg ikkje di misgjerning, so du kunne sleppa å fara i utlægd, men dei forkynte deg spådomar fulle av fåfengd og forføringar.

Det som vert forkynt er altså løgn, falskheit, svik, tom innbilling, eigne syner, fåfengd og dårskap, og resultatet av det heile er forføring. Den som lyttar til slik forkynning vert ført inn på vegar som leier inn i mørket og ber utfor stupet. Men det smakar søtt og klør i øyra.

Og det er ikkje berre profetar som meiner seg å ha bodskap til folket, men eit samstemt kor av okkulte røyster stemmer òg i. Herren åtvarar i 27,9: "Så skal de ikkje høyra på profetane dykkar og spåmennene, på drøymarane dykkar og varseltydarane og trollmennene, som seier til dykk: De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!" Spåmenn. Drøymarar. Varseltydarar. Trollmenn. Eit heilt apparat er sett i sving for å føra folket på avveg. 

Jeremia sin bodskap til folket er denne: Høyr ikkje på dei som forkynner at alt skal gå så vel, at alt er i orden, at inga ulukke skal koma, at ikkje sverd og svolt og sott skal ramma. Alt dette vil koma over dei om dei held fram på vegen dei stemner (35,17): "Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Sjå, all den ulukka eg har truga med, let eg koma over Juda og alle innbyggjarane i Jerusalem, fordi dei ikkje ville høyra når eg tala til dei, og ikkje svara når eg kalla på dei.

Det einaste som kan berga dei er ei sann omvending. Derfor vert ikkje Jeremia trøytt av å oppmoda til dette igjen og igjen på mange måtar og frå ulike vinklar, som i 25,5: "Vend om, kvar frå sin vonde veg og frå dei vonde gjerningane dykkar! Så skal de få bu i det landet Herren gav fedrane dykkar, frå æva og til æva.

Vidare klagar han i kap 25: "Frå det trettande året til Juda-kongen Josia, son til Amon, og like til denne dagen, i tjuetre år no, har Herrens ord kome til meg. Eg har tala til dykk seint og tidleg, men de høyrde ikkje. Til dykk sende Herren alle tenarane sine, profetane, tidleg og seint. Men de høyrde ikkje, og de vende ikkje øyra til for å høyra." 

Kva skal så Herren gjera? "Difor seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje har høyrt på orda mine, sjå, så sender eg bod og hentar alle folkeslag frå landa i nord, seier Herren. Eg sender bod til Babel-kongen Nebukadnesar, tenaren min, og eg let dei koma over dette landet og over innbyggjarane der og over alle folkeslaga her ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til ei skræmsle og til spott, og landet deira gjer eg til evige øydemarker." 

Det var Herren som sende Nebukadnesar over Juda. Det var Herren som sende babelkongen til å riva ned murane rundt Jerusalem. Det var Herren som sende tenaren sin til å brenna opp tempelet. Det var ikkje rå eigenvilje hos ein mektig despot som var avgjerande. Han var berre eit reiskap, ein tenar. 

Når eit folk ikkje vil lytta, tar Herren heile skaparverket i bruk for å prøva å føra det vekk frå farlege vegar og inn på dei rette stigane. For det er ikkje blinde naturkrefter og vill og ustyrleg menneskevilje som styrer det som skjer. 

Men det er ikkje det første. Det første er forkynning som viser rett veg, som i 6,16: " ... Stå på vegane og sjå etter, og spør etter dei gamle stigane, spør etter kvar vegen til det gode er, og ferdast på den! Så skal de finna kvild for sjelene dykkar. Men de sa: Me vil ikkje ferdast på han.

Vil ikkje... Når nakken er bratt og øyra lukka, kva skal så Herren gjera? Det er då han sender sverd og svolt og sott (29,17). Det er då han gjer Jerusalem til grushaugar (26,18), sjølv om "Ingen konge på jord kunne tru, ingen i all verdi kunne tenkja at nokon motstandar og fiende skulle koma inn gjennom Jerusalems portar." (Klag 4,13). 

Dommen kom over Juda: Eit Jerusalem oppbrent og i røys (9,11) og folket 70 år i Babylon. Det er til ettertanke.

(Kjell Helland - Bibelsk Tro nr.3/2019 - Shafan 14-05-19)


Webmaster, Andreas Michelsen

Forside: www.shafan.dk

skrevet Bibeltekster er hentet fra den autoriserede oversættelse, 
© Det Danske Bibelselskab 1992  og kan læses på BibelenOnline